Betydeleg auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgraden i norske magasin 37,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 9,8 prosenteiningar, mot 0,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 36,5 prosent, og minimumverdien 20,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 42,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 29,9 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 41,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.