Fyllingsgraden nærmar seg 30 prosent. Ved utgangen av veke 18 var fyllingsgraden i norske magasin 28,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 0,9 prosenteiningar, mot 1,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 33,8 prosent, og minimumverdien 19,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 35,5 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 23,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 27,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 18 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.