Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 17 var fyllingsgraden i norske magasin 27,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 1,4 prosenteiningar, mot 0,7 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 31,9 prosent, og minimumverdien 18,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 35,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 22,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 25,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 17 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.