Auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgraden i norske magasin 25,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 0,7 prosenteiningar, mot ein nedgang på 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 32,9 prosent, og minimumverdien 17,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 34,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 22,3 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 23,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 16 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.