Framleis minkande nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 15 var fyllingsgraden i norske magasin 25,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar, mot 2,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 34,7 prosent, og minimumverdien 18,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 33,7 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 21,3 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 23 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 15 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.