Vassmagasinstatistikk veke 14 2021 - NVE

Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgrada i norske magasin 44,5 prosent.

Gjennom veka fall magasinfyllinga med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 34,6 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 55,6 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 20,02 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 14, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.