Fyllingsgrada er litt over medianen. Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgrada i norske magasin 34,7 prosent.

Fyllingsgrada gjekk ned med 1,4 prosentpoeng mot 0,6 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 34,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 14,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 43,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 14, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.