Nokon mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgraden i norske magasin 27,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,4 prosenteiningar, mot 2,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 36,1 prosent, og minimumverdien 19,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 35,2 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 23,5 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 25,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 14 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.