Liten nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgrada i norske magasin 36,4 prosent.

Fyllingsgrada gjekk ned med 0,6 prosenteiningar mot 1,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 37,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 16,1 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 44,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 13, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.