Fyllingsgraden under normalt. Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgraden i norske magasin 29,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,8 prosenteiningar, mot 3,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 38,4 prosent, og minimumverdien 18,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 37,3 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 26,3 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 27,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 13 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.