Vassmagasinstatistikk veke 11 2021 - NVE

Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgraden i norske magasin 47,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 41,3 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 56,8 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 26,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 11, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.