Vassmagasinstatistikk veke 11 2020 - NVE

Noko mindre nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 11 var fyllinga i norske magasin på 48,0 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 2,0 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 41,3 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 34,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 59,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 11, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.