Uendra nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgrada i norske magasin 38,4 prosent.

Fyllingsgrada gjekk ned med 2,1 prosenteiningar som er same nedgang som veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 42,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 19,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 46,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 11, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.