Nokon mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgraden i norske magasin 35,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,2 prosenteiningar, mot 3,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 42,9 prosent, og minimumverdien 20,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 42,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 32,0 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 33,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 11 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.