Magasinfyllinga under 40 prosent. Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgraden i norske magasin 38,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,6 prosenteiningar, mot 3,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 44,8 prosent, og minimumverdien 22,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 45,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 34,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 37,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.