Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 11.01.2022 , sist oppdatert 12.01.2022

Vassmagasinstatistikk veke 1 2022

Framleis nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgrada i norske magasin 53,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 67,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 67,2 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 46,9 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 1, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.