Vassmagasinstatistikk veke 1 2020 - NVE

Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 1 var fyllinga i norske magasin på 64,3 prosent.

Magasinfyllinga gjekk opp med 0,9 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000–2019 er 67,9 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 51,2 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 71,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 1, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.