Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgraden i norske magasin 62,7 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 1,2 prosentpoeng mot 1,8 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 68,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 53,2 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 67,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 1 2019, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.