Magasinfyllinga under 70 prosent. Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgraden i norske magasin 69,7 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,6 prosenteiningar, mot 1,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 68,7 prosent, og minimumverdien 42,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 75,9 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 61,0 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 72,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 1 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.