Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 25.11.2020

Kraftsituasjonen veke 47, 2020

Rekordhøg vindkraftproduksjon i Norden og historisk høg magasinfylling i Noreg

Førre veke var vindkraftproduksjonen i Norden på 2,12 TWh (førebels tal), noko som er ny produksjonsrekord over ei veke. Samstundes sank vasskraftproduksjonen i Noreg, trass uvanleg mykje vatn i magasina for denne tida på året. Ved utgangen av førre veke var magasinfyllinga i Noreg på 95,7 prosent, som er 5,7 prosentpoeng over det som er høgaste måling for denne veka dei siste 20 åra.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Midt- og Nord-Noreg var på 3 øre/kWh førre veke. Sør-, Aust- og Vest-Noreg hadde ein gjennomsnittleg pris på 1,3 øre/kWh, og natt til torsdag var prisen nede på null i fleire timar. Vedvarande planlagt vedlikehald i det svenske kraftnettet førte til avgrensingar i overføringskapasiteten mellom Aust-Noreg og Sverige førre veke, noko som medverka til at kraftprisen i sørlege delar av Noreg held seg låg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47, 2020 her

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no