Publisert 11.11.2020

Kraftsituasjonen veke 45, 2020

Mykje vind gav negative prisar i Sør-Noreg

Natt til måndag mellom klokka eitt og fem i veka som gjekk var det negative kraftprisar i heile Norden, med unntak av i Nord-, Midt- og Vest-Noreg. I Sør-, og Aust-Noreg var prisane nede i -1,9 øre/kWh på det lågaste. Noko av forklaringa på den låge prisen ligg i høg vindkraftproduksjon nord på kontinentet og i Norden i ein periode med lågt kraftforbruk.

Nordisk vindkraftproduksjon auka med 45 prosent i veka som gjekk samanlikna med veka før. Samtidig vart norsk vindkraftproduksjon høgare enn nokon sinne. I timar med mykje vind vart anna kraftproduksjon i Noreg lågare. Det bidrog til ein reduksjon i norsk kraftproduksjon på 7 prosent  samanlikna med veka før. Reduksjonen var høgast i Nord- og Vest-Noreg.  

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2020 (PDF)

Kontaktpersoner

Rådgiver Ingvild Vestre Sem

Epost: ivs@nve.no

 

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth

Epost: aasv@nve.no