Kraftsituasjonen veke 42, 2020 - NVE

Lågare temperaturar og auke i norsk kraftpris

Ytterlegare fall i temperatur ga ein betydeleg auke i forbruket førre veke. Totalt for Noreg var forbruket 205 GWh høgare enn veka før, ei auke på om lag 10 prosent. Auka i forbruk bidrog til  at dei norske kraftprisane steig. For dei sørlege prisområda var gjennomsnittleg vekepris for første gang sidan januar over 20 øre/kWh, medan Nord- og Midt-Noreg hadde ein vekepris på hhv. 14,1 og 17,6 øre/kWh.

Skilnaden i kraftpris for dei norske prisområda hadde blant anna si årsak i låg tilgjengeleg utvekslingskapasitet. For Nord- og Midt-Noreg satt planlagt vedlikehaldsarbeid i det svenske kraftnettet avgrensing i eksportmoglegheitene til Sverige. Gjennomsnittleg var berre halvparten av installert eksportkapasitet frå Nord- og Midt-Noreg til Sverige tilgjengeleg gjennom veka.

Sør- og Aust-Noreg hadde enkelte timar ein kraftpris opp mot 60 øre/kWh førre fredag, nesten tre gangar høgare enn vekesnittet. Timane med auke i pris samanfell i tid med planlagt testing av den nye mellomlandskabelen til Tyskland.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 her.