Publisert 16.10.2019

Kraftsituasjonen veke 41, 2019

Redusert handelskapasitet med utlandet

Det var lite endring i forbruk og produksjon i Noreg i veke 41 samanlikna med veka før. Dei norske områdeprisane auka frå veke 40 og låg i snitt på 36 øre/kWh i førre veke.


Feil i kraftnettet førte til ikkje planlagt reduksjon i kapasiteten på mellomlandsforbindelsane til både Nederland og Danmark i helgen. Kabelen mellom Noreg og Nederland er planlagt å ha redusert kapasitet ut oktober, medan mellomlandsforbindelsen til Danmark er planlagt å ha redusert kapasitet fram til 30. november.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2019 (PDF)

Kontaktperson

Førstekonsulent Silje Jelsness. E-post: sitj@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth. E-post: aasv@nve.no