Kraftsituasjonen veke 38, 2020 - NVE

Prisfall i Noreg, men prisauke i resten av Nord-Europa 

Prisane fall i alle dei norske prisområda gjennom veka, og på søndag var den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg 4,7 øre/kWh. Magasinfylling godt over normalen og god hydrologisk balanse for årstida er blant årsaka til prisfallet. I førre veke var prisen i Sør-Noreg i snitt 3,4 øre/kWh høgare enn i Nord-Noreg. Prisskilnaden kom blant anna av vedlikehald på fleire overføringsforbindingar ut av Nord-Noreg som gav redusert eksportkapasitetMangel på eksportmoglegheiter og gode tilsigshøve bidrog til sterkare prisnedgang i nord enn i sør. 

Gjennomsnittleg vekepris i resten av Nord-Europa auka derimot i veke 38, samanlikna med veka før. Auka hang saman med eit prishopp nord på kontinentet og i store delar av Norden på tysdag ettermiddag. På det høgaste låg kraftprisen på 200 øre/kWh. Årsaka til den høge prisen var blant anna svært låg vindkraftproduksjon Nord-Europa, samt redusert kjernekraftproduksjon i Frankrike og  kolkraftproduksjon i Tyskland.  

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 her.