Publisert 19.08.2020 , sist oppdatert 20.08.2020

Kraftsituasjonen veke 33, 2020

Redusert overføringskapasitet gav prisforskjellar

Det var store skilnadar i kraftprisane i dei ulike prisområdane i Noreg i førre veke. Dette skyldast blant anna redusert overføringskapasitet til Sør-Noreg. Forbindelsen frå Aust- til Sør-Noreg hadde redusert kapasitet, og forbindelsen frå Vest-Noreg var ute frå sist måndag. Den reduserte overføringskapasiteten bidrog til ein tilnærma dobling av kraftprisen i Sør-Noreg til 2,6 øre/kWh.

I veke 33 var det ytterlegare redusert kapasitet i svensk kjernekraftproduksjon grunna planlagt vedlikehald og feil, samt lågare nordisk vindkraftproduksjon. Dette bidrog til høgare prisar spesielt i Nord-Sverige, som igjen medverka til ein dobling av prisane i Midt- og Nord-Noreg. Likevel vart prisane framleis låge for årstida.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2020 (PDF)

Kontaktpersonar

Rådgiver Julie de Brisis
E-post: jmdb@nve.no

Seksjonssjef Sigrun Kavli Mindeberg
E-post: skmi@nve.no