Auka norsk og nordisk krafteksport.

Det var høg krafteksport ut frå Noreg i veke 24, og nettoeksporten auka til 555 GWh i førre veke. Det er det høgaste nivået på den norske nettoeksporten til no i år. Forbruket i Norden gjekk ned grunna mellom anna svensk midtsommarfeiring og vedlikehald i finsk industri. Krafteksporten ut av Norden auka i same storleik som nedgangen i kraftforbruket.

Hetebølgja i Europa medverka til auka kjølebehov og mindre effektivitet i varmekraftverka. Det bidrog vidare til ein auke i den tyske kraftprisen med om lag 10 prosent. Gjennom marknadskopling vart dei nordiske kraftprisane påverka, og gjekk opp med 2,5 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 her. (PDF)