Publisert 16.06.2021 , sist oppdatert 28.06.2021

Kraftsituasjonen veke 23, 2021

Høg vindkraftproduksjon i helga

Alle dei norske prisområda opplevde ein nedgang i den gjennomsnittlege kraftprisen førre veke. Nedgangen var størst i Nord-Noreg (NO4), som framleis har den lågaste kraftprisen i Norden. Gjennomsnittsprisen for veka var på 18,1 øre/kWh i Nord-Noreg, medan prisen i Sørvest-Noreg (NO2) enda på 49,9 øre/kWh i snitt. Høge kraftprisar på kontinentet og redusert utvekslingskapasitet mot andre områder i Noreg på grunn av vedlikehald, bidrog til at Sørvest-Noreg hadde vedvarande høg kraftpris gjennom døgnet store deler av veka.

Det var relativt lite vind gjennom veka, men frå fredag og gjennom helga var det høg vindkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet. Høg vindkraftproduksjon kombinert med lågare forbruk i helga bidrog til at alle dei norske prisområda opplevde enkelte timar med nær nullprisar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23 her.