Kraftsituasjonen veke 20, 2020 - NVE

Kaldare vêr og høgare kraftforbruk 

Det var ein auke i norsk kraftforbruk førre veke samanlikna med veka før, blant anna grunna ein nedgang i temperaturane. Trass høgare forbruk var norsk kraftproduksjon lågare enn veka før. Kraftproduksjonen var likevel høgare enn forbruket og Noreg var nettoeksportør av kraft for 12. veke på rad. Den norske kraftprisen var i gjennomsnitt 12,4 øre/kWh førre veke, ei auke frå 8,3 øre/kWh veka før. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 her.