Publisert 29.04.2020

Kraftsituasjonen veke 17, 2020

Høg nettoeksport frå Noreg

Mildt vêr bidrog til at kraftforbruket i Norden sank førre veke. Vindkraftproduksjonen i Norden var på sitt lågaste nivå hittil i år, noko som førde til betydeleg lågare total kraftproduksjon i Sverige og Danmark. Dette bidrog til at Noreg eksporterte mykje kraft til Sverige og mot kontinentet.

Etter fleire veker med prisnedgang, auka den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg førre veke. Snittet for alle prisområda var på omlag 5,7 øre/kWh.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17, 2020 her.

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no