Norsk magasinfylling nærmar seg normal for årstida.

Den nordiske kraftmarknaden har dei siste vekene vore prega av fallande kraftetterspurnad og høg vindkraftproduksjon. Dette har bidrege til å trekke ned prisnivået i alle dei nordiske landa.

Trass i at norske kraftpriser falt med 3-6 prosent sist veke, var Noreg framleis nettoimportør av kraft gjennom veka.

Høg import, og auka tilsig til vassmagasina, har bidrege til at norsk magasinfylling no nærmar seg normalen for årstida.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 2019 her. (PDF)