Kraftsituasjonen veke 11, 2021 - NVE

Nettoeksport av kraft ut av Noreg og Norden

Mildare vêr bidrog til at nordisk kraftforbruk gjekk ned med 6 prosent sist veke. Lågare vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog likevel til at prisnivået i kraftmarknaden gjekk opp.

Vedlikehald og andre driftsstansar gjer at det for tiden er store avgrensingar i eksportkapasiteten ut av Sør-Noreg. Trass i dette gjekk norsk kraftproduksjon opp, noko som bidrog til at Noreg hadde ein nettoeksport på 316 GWh sist veke. Kraftflyten gjekk i hovudsak sørover, via Danmark og Sverige, mot kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2021 (PDF)