Publisert 11.03.2020

Kraftsituasjonen veke 10, 2020

Lågt forbruk og høg nettoeksport

Mildt vêr i store delar av landet bidrog til lågare kraftforbruk i Noreg førre veke. Til no i år er forbruket 3,8 % lågare (tilsvarande 1,1 TWh) enn same periode i 2019.

Førre veke hadde Noreg den høgaste nettoeksporten så langt i år. Laurdag kom den andre av dei tre overføringskablane over Oslofjorden tilbake i drift, men det er framleis usikkert når den siste vil være reparert.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 her.

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no