NVE har gjeve Eidsdal Kraft AS i Norddal kommune i Møre og Romsdal eit lovbrotsgebyr på 700 000 kroner for å ha hatt for stor slukeevne i Eidsdal kraftverk.

Eidsdal kraftverk har i perioden 2015-2018 teke ut meir vatn til kraftproduksjon og installert meir effekt i kraftverket enn det var gjeve løyve til. Høgste vassuttak var 0,6 m3/s eller om lag 16 % større enn det som ligg til grunn i konsesjonen.

- Den maksimale produksjonen var høgare enn det gjeldande løyve tillet, noko NVE ser på som alvorleg. Vi meiner at lovbrotet er grovt og at det difor er riktig å gjere vedtak om lovbrotsgebyr i tillegg til retting, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVE sitt miljøtilsyn for vassdragsanlegg.

Det var gjennom handsaming av søknad om godkjenning for ordninga med elsertifikat at NVE avdekka tilhøvet.

- Elsertifikatordninga har gjeve NVE god oversikt over alle kraftverk som er sett i drift. Ordninga har difor vore ein viktig reiskap for å avdekke ulovleg drift av kraftverk, seier Hegg Gundersen

 I søknaden om konsesjon til å byggje Eidsdal kraftverk var det søkt om ei maksimal slukeevne på 4,2 m3/s. Eidsdalelva er ikkje verna, men det er laks og sjøaure i vassdraget. Det var omsynet til desse artane som gjorde at NVE fastsette den maksimale slukeevna i kraftverket til 3,6 m3/s i konsesjonen til Eidsdal kraftverk.. Tiltakshavarane klaga denne avgrensinga inn til Olje- og energidepartementet. Trass i at Olje- og energidepartementet opprettheldt avgjerda om 3,6 m3/s, bygde Eidsdal Kraft AS kraftverket som omsøkt og med eit vassuttak på 4,2 m3/s.

Konsekvensane av auka vassuttak gjev mindre vatn på elvestrekninga mellom inntaket og kraftverket, noko som har særleg betyding i dei periodane det ikkje renn vatn over inntaket (overløp). Det førte til mindre dynamikk i vassdraget og dermed mindre gunstige forhold for dei anadrome artane. Det er ikkje undersøkt kor stor denne negative verknaden har vore.

Eidsdal Kraft AS kan klage på avgjersla til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga.