Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund overleverte i dag det nye sikringsanlegget i Holvikelva i Sandane. Kjetil Lund og fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) overleverte i dag anlegget, som sikrar 6 bustader, 8 butikkar/kjøpesenter, idrettsbane og E39, til ordførar Leidulf Gloppestad.

Anlegget skal overleveres fra NVE til Gloppen kommune. Fra venstre: Gloppen kommune ved Bjørn Aurlien, plan- og byggesak, og teknisk sjef Kjell Petter Solhaug. Kari Havnevik fra Multiconsult, vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund og Anders Muldsvor fra NVE.

NVE har støtta Gloppen kommune med å bygge anlegget, som reduserer faren for flaumskadar i Sandane sentrum. Overleveringa vart markert fredag 6. desember klokken 10.30-13.00 med ei felles synfaring overlevering i Gloppen heradshus.

Vassdragsdirektør Kjetil Lund (i midten) saman med ordførar i Gloppen kommune, Leidulf Gloppestad, og fylkesordførar Jenny Følling, foran Holvikelva.

NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare og støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging. Sandane sentrum ble i 2016 faresonekartlagt av Asplan Viak. Kartlegginga viste betydeleg areal som vart overfløymd ved en 200 års flaum og at fleire av bruene i sentrum har for liten kapasitet.

Hanne Rosvoll Langset i NVE Region Vest, og Øystein Menes (gul jakke) og Tom Atle Båtevik, begge NVE Anlegg, foran ferdigstilt sikringsanlegg.

Flaumen i 2014, og fleire flaumhendingar dei seinare åra har gjeve fleire flaumskadar. I ettertid ble det utført krisetiltak, og ein så behov for ytterlegare prosjektering og sikring.

700 m av elva er no sikra, med erosjonssikring i elvebotn og elveside, jamfør TEK17. Gloppen kommune har nytta høve til å skifte ut to kommunale bruer. Det har blitt utført miljøtiltak for å betre gyte- og miljøforholda for fisk. 

Dronebilde som viser sikringsarbeidet nesten ferdigstilt. Det står att å gjere ferdig gangvegen langs elva. Foto: SFE

Miljøtiltak: (venstre) Her bygges tersklar, for å gje jamnare vasspeil. Store steinar vert lagt ut for å gje ly og skjul for fisk, og gje varierte straumforhold for livet i elva. (høgre) Tersklar og stor stein, med vassføring. Foto: NVE