Publisert 02.09.2022

Sande sentrum og Skagekleiva har fått økt sikkerheit mot skred

NVE har sidan hausten 2020 jobba med to større sikringstiltak i Skagekleiva og i Sande sentrum. Fredag 2. september blei sikringstiltaka, som blant anna består av skredvoller og flaumsikring, formelt overlevert til Sunnfjord kommune.

Foto: Alf Vidar Snæland

- Vi i NVE er glad for at vi saman med Sunnfjord kommune no har bidrege til å auke tryggleiken for innbyggarane i Sande, seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Sikring er noko av det mest meiningsfulle vi gjer, fordi det bidrar til at folk kan bu trygt.

Området har historisk sett vore ramma av både sørpeskred og jordskred. Faresonekartlegging i nyare tid gjorde at kommunen søkte NVE om bistand til sikringstiltak både i 2006 og 2008.

- Vi opplever at Sunnfjord kommune tar naturfare på alvor. Dei jobbar kontinuerleg med å auke tryggleik for innbyggarane. Kommunen har dyktig fagkompetanse i alle ledd som har vore med å løfta desse prosjekta, fortset Samdal.


Prosjektleiar Anders Muldsvor, ordfører Jenny Følling, regionsjef Aart Verhage, og Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Foto: Alf Vidar Snæland.

Glad ordførar
Overleveringa av sikringstiltaka ble feira med kaker, taler, og ei synfaring av skredområda. Ordføraren Jenny Følling var ei av dei som var tilstade på markeringa.

- Eg er veldig glad for at rassikringa i Skagekleiva og Sande endeleg er gjennomført. Det er viktig for tryggleiken til dei som bur i Skagen og i Sande sentrum, seier ho.

Godt samarbeid med andre aktørar
I tillegg til NVE og Sunnfjord kommune har det vore mange involverte aktørar. Dei har saman sørga for et vellykka prosjekt.

NGI har, i tillegg til å lage faresonekart, vore ansvarleg for den geotekniske delen. Dei har kontrollert dimensjoneringa av øvre ledevoll og hatt kontroll med stabiliteten under sjølve utføringa.

Sæle AS har vore ansvarleg prosjekterande for byggetrinn 2, i tillegg til alt av betongkonstruksjonar.

NVE si eiga anleggseining med sine lokale entreprenørar frå Førde, Jølster og Sande har også vært sentrale i arbeidet. På Skagekleiva har Magne Hafstad AS hatt oppdraga med sprenging og transport. Ivar A Sunde AS har hatt betongarbeidet på begge prosjekta. På skredsikringa av Sande sentrum har Gaular Pukk og Sand AS hatt all leveranse av stein til plastring og filterlag og singel til grøfter. Røyseth Maskin AS har vore med å bygge skredsikringane.

- Det er gledeleg å sjå at samarbeidet med dei involverte aktørane har vore så god, seier Brigt Samdal. Prosjekta har gitt oss mykje verdifull erfaring som vi tar med oss vidare til sikringsprosjekta vi skal arbeide med i framtida, avsluttar han.


Prosjektleiar Leif Halvor Kårstad i Sunnfjord kommune, prosjektleiar Anders Muldsvor i NVE, ordfører Jenny Følling, og Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, ved et av sikringstiltaka. Foto: Alf Vidar Snæland.



Befaring av sikringstiltaka fredag 2. september. Foto: Alf Vidar Snæland.

Kontaktpersoner
Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga
Telefon 90 74 82 38

Aart Verhage, regionsjef
Telefon 90 18 44 10

Anders Muldsvor, prosjektleder
952 90 111

Tidslinje

  • I 1861 gjekk det eit større jordskred som førte til skade på busetnaden og kyrkja
  • I 1979 gjekk det eit sørpeskred mot busetnaden (klyngetunet), på gardsbruk 175/1, og mot Gaular bygde- og sjukeheim.
  • I 1980 lagde NGI første faresone for området etter bestilling frå kommunen.
  • I 2000 reviderte NGI faresonene i ny rapport etter bestilling frå kommunen.
  • I 2006 og 2008 søkte dåverande Gaular kommune, med bakgrunn i faresonekartlegginga, NVE om bistand til sikring mot skred
  • I 2013 tinga NVE nye reviderte faresoner for området. Som del av rapporten er og dimensjoneringskriteria for skredvollane for begge prosjekta.
  • I 2020 starta arbeidet med sikringsanlegga i Skagekleiva og i Sande sentrum

Fakta om prosjektene

Skagekleiva

Byggetrinn 1
Byggherre: Sunnfjord kommune
Anleggsstart: Oktober 2020
Ferdigstilt: September 2022
Tiltak: Stoppvoll med høgde på 6 meter. Nytt elveløp og kulvert. 
Økonomi: 3,2 mill. Distriksdel 20 %.
Hovudentreprenør: NVE Anlegg, UE sprenging Magne Hafstad AS, UE Transport Magne Hafstad AS,  UE Betong Ivar A Sunde AS
Prosjektering: NGI/NVE, skredvoll. Sæle AS, betongkonstruksjonar

Byggetrinn 2
Byggherre: Sunnfjord kommune
Anleggsstart: November 2020
Ferdigstilt: Februar 2022
Tiltak: Skredsikring
Økonomi: Totalkostnad 3,35 mill. Distriksdel 50%
Hovudentreprenør: NVE Anlegg, UE sprenging Magne Hafstad AS, UE Transport Magne Hafstad AS, UE Betong Ivar A Sunde AS
Prosjektering: NVE/Sæle AS, skredsikring. Sæle AS - betongkonstruksjoner

Sande sentrum
Byggherre: Sunnfjord kommune
Anleggstart: Februar 2022
Ferdigstilt: August 2022
Tiltak: Ledevoll mot sørpeskred, ca. 125 meter lang og 6 meter høg. Flaumsikring ved utgraving i elveløp, erosjonssikring og ny kulvert.
Økonomi: 5,5 mill.
Hovudentreprenør: NVE Anlegg, UE sprenging Røyseth Maskin AS, UE Transport Røyseth Maskin AS, UE Grunnarbeid Røyseth Maskin AS, UE Betong Ivar A Sunde AS; UE masseleveranse Gaular Pukk og Sand AS
Prosjektering: NVE/NGI, skredsikring. NVE, flaumsikring. Ivar A Sunde AS, betongkonstruksjonar