Eid kommune har no fått betre og meir presise kart utarbeida av NVE. Faresonekarta gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt to bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 50 bygningar ligg innanf or faresona for 1000-årsskred.

Byggefelt i Eid i Sogn og Fjordane. Foto: NGI

Karta blir overlevert til Eid kommune den 29. oktober 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagde områda er Kjølsdalen, Torvika, Skårhaug-Prestmarka, Lindvika, Melheim, Navelsaker, Rognes, Skrede, Hundeidet og Torheim.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, når sikringstiltak og lokal skredberedskap skal vurderast, seier fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.