Hastigheitene i fjellpartiet er redusert ytterligere utover dagen i dag. Bevegelsen siste døgn i det øvre området har vorte omtrent 9 cm/døgn, nedre del har vorte tilnærma konstant siden det ble varsla raudt farenivå, men er også svakt avtakande med omlag 1,3 cm/døgn.

Farenivået baserer seg på dei måla bevegelsene i fjellpartiet. I år har sesongen for auka bevegelser starta tidligere enn normalt, noe som tilseier at fjellpartiet er svært svekka. Vi ser også at det er lett påvirka av små nedbørsmengder og ein heving av farenivå kan skje relativt raskt, selv ved små mengder nedbør.

Det har ikkje gått større skred frå fjellpartiet i dag. Nysnøen som kom onsdag-torsdag (3.-4. juli) i siste veke er nå smelta, men det ligg framleis snø igjen i snøfonna over Veslemannen. Det meldes tørt og relativt varmt vær dei kommande dagene, noe som vanligvis stabiliserer fjellpartiet enda meir.

På bakgrunn av nedadgående trend i bevegelsen settes farenivået ned til gult.


Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av fjellpartiet Mannen. Farenivået for Veslemannen vart heva til gult 13. juni, og vidare til oransje og raudt den 30. juni og 7.juli. Bakgrunnen for dette var auka bevegelsar.