NVE gir løyve til Grøndalselva og Nedre Skorovasselva kraftverk i kommunane Namsskogan og Grong i Nord-Trøndelag. Grøndalstjønna, Sandåa og Øvre Skorovasselva kraftverk i Namsskogan kommune får avslag.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 38 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1900 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 21 GWh/år.

Reindrift, naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gitt konsesjon til kraftverka som gir minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til kvart prosjekt for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei tre kraftverka som har fått avslag.

Les meir om kvart kraftverk:

Søkjar

Kraftverk

Kommune

Produksjon (GWh/år)

Namdal Kraft AS

Grøndalselva kraftverk

Grong/Namsskogan

32,1

Namdal Kraft AS

Grøndalstjønna kraftverk

Namsskogan

Avslag

Namdal Kraft AS

Nedre Skorovasselva kraftverk

Namsskogan

6,2

Namdal Kraft AS

Øvre Skorovasselva kraftverk

Namsskogan

Avslag

Statskog Energi AS

Sandåa kraftverk

Namsskogan

Avslag

Fire søknader om vasskraftverk på vestsida av Namsen vert handsama som eiga gruppe. Vedtak i desse sakane kjem på eit seinare tidspunkt.