Publisert 15.05.2020

Tilrår nye konsesjonsvilkår for Holsvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hafslund E-CO Vannkraft AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Holsvassdraget i Hol og Ål kommunar, Viken fylke.

På bakgrunn av krav frå Hol og Ål kommunar har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Holsvassdraget.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak. NVE tilrår og at vilkåra for Hovsfjorden og Holsfjorden blir omgjort.NVE rår til slipp av minstevassføring frå Strandavatn, Hovsfjorden og Holsfjorden til Storåne. NVE tilrår og slipp av minstevassføring i Juvåne og i Votna.NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i nokon av magasina, da fordelane for fisk, vassmiljø, friluftsliv og landskap ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for flaumhandteringa, kraftsystemet og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Holsvassdraget m.v.

Kontaktpersoner

Rune Flatby, avdelingsdirektør,

tlf. 416 78 203


Eirik Bjørkhaug, fungerende seksjonssjef,

tlf. 952 20 133