Publisert 06.04.2020 , sist oppdatert 08.04.2020

Tilrår løyve til kraftforsyning til Troll og Oseberg frå Kollsnes

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Equinor løyve til anlegg for kraftforsyning frå Kollsnes til plattformene Troll B og C, Oseberg Sør og Oseberg Feltsenter.

Equinor ønsker å få plattformene Troll B og C og Osebergfeltet over på strøm. Foto: Øyvind Hagen / © Equinor

- Kraftforsyning frå land vil medverke til å få ned utslepp av CO2 og NOX frå produksjonen på norsk sokkel. NVE tilrår at det vert sett vilkår om at kraftforsyninga kan koplast ut når det er naudsynt av omsyn til forsyningstryggleiken i Bergens-regionen, seier avdelingsdirektør i NVE, Rune Flatby. 

NVE legg til grunn at det er ei politisk målsetting om å få ned utsleppa av CO2 og NOX frå norsk olje- og gassproduksjon. Kraft frå land til Troll- og Oseberg-felta i Nordsjøen vil bidra til vesentleg reduksjon i dei nasjonale utsleppa gjennom å erstatte kraftproduksjon frå gassturbinar på plattformene.

Kan kopla ut forbruket ved anstrengde nettsituasjonar

 - Det er i dag ikkje kapasitet i nettet i Bergens-regionen til å tilknytte mykje nytt forbruk. NVE meiner difor at konsesjonar til kraftforsyning frå Kollsnes til Troll- og Oseberg-felta med dagens nett berre kan gjevast på vilkår om at forbruket til plattformene kan kopla ut i anstrengde nettsituasjonar, som feil eller vedlikehald, sier avdelingsdirektør i NVE, Rune Flatby. Dette er naudsynt for å ta omsyn til forsyningstryggleiken til eksisterande kraftforbrukarar i regionen og gjere det mogleg å vedlikehalde og oppgradere kraftnettet.

Omsyn til fiskeri, skipsfart og marint liv

NVE tilrår at vert gjeve konsesjon til ein ny transformatorstasjon på Kollsnes og kablar på land og i sjø frå den nye stasjon ut til olje- og gassfelta i Nordsjøen. For tilknyting av anlegga til kraftnettet på land, tilrår vi at Equinor får konsesjon til ein kabel til Statnett transformatorstasjon på Kollsnes og til eitt nytt felt i eksisterande stasjon. Samla treng plattformene ein effekt på 221 MW frå land og bruke om lag 1,77 TWh kraft årleg. Equinor skriv i søknadane at dei samla investeringskostnadene vil vere om lag 8,7 milliardar kroner.

Etter NVE si vurdering vil verknadane av anlegga vere små for miljø, samfunn og private interesser på land og i sjø, under føresetnad av at det vert stilt vilkår om å ta omsyn til fiskeri, skipsfart og marint liv under planlegging av kabellegging og i anleggsarbeidet. NVE tilrår dessutan at det vert stilt krav om at Equinor skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som NVE skal godkjenne før anleggsstart.

NVE si innstilling vert sendt til Olje- og energidepartementet for vidare handsaming.

Kontaktperson

Avdelingsdirektør Rune Flatby,

telefon: 416 78 203

e-post: rfl@nve.no

 

Les NVE si innstilling med grunngjeving her