Ny rettleiar til nytte for alle som planlegg vassdragstiltak

NVE har utarbeidd ein ny rettleiar som tek føre seg vassressurslova og korleis NVE handsamar inngrep i vassdrag og grunnvatn.

NVE-veileder 1-2017: Veileder til vannressursloven og NVEs behandling av vassdrags- og grunnvannstiltak gjev ei oppdatert oversikt over vassressurslova generelt, men særleg dei reglane som gjeld tiltak i vassdrag og grunnvatn ved sidan av produksjon av vasskraft.

Vidare gjev rettleiaren ei oversikt over ein del andre lover som kan vere relevante ved vassdragstiltak.

Målgruppa er den offentlege forvaltninga og dei som planlegg og utfører tiltak i vassdrag og grunnvatn. For ei rekke formål er det utarbeidd materiale for rettleiing til utforming av søknadar og meldingar.

Den nye rettleiaren erstattar ein rettleiar frå 2002.

Last ned NVE-veileder 1-2017 Veileder til vannressursloven og NVEs behandling av vassdrags- og grunnvannstiltak

Kontaktperson:

Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 412 93 086