Publisert 08.02.2023

NVE tilrår bygging av ny kraftleidning og transformatorstasjon på Haugalandet

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår at Olje- og energidepartementet gjev Statnett løyve til å byggje ein ny 420 kV luftleidning mellom Blåfalli i Vestland og Gismarvik i Rogaland. NVE tilrår òg ein ny transformatorstasjon i Gismarvik og utviding av Blåfalli koplingsstasjon. Bakgrunnen for tilrådinga er at det er naudsynt å auke straumforsyninga i området for å leggje til rette for auka forbruk.

Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

Grunna industriutvikling og meir forbruk ønskjer Statnett å byggje ein ny 420 kV kraftleidning inn til Haugalandet.

– Vi meiner at leidningen og den nye transformatorstasjonen er naudsynt for å leggje til rette for den planlagde industri- og samfunnsutviklinga i regionen, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga til NVE.

NVE tilrår at Statnett må ha signert avtale om anleggsbidrag med minst ein større kunde før dei startar bygginga av leidningen.

Det er Olje- og energidepartementet (OED) som no tek over sakshandsaminga og tek den endelege avgjerda.

NVE tilrår følgjande trasé for leidningen

Leidningen vil vere om lag 88,4 km lang. Den skal gå gjennom kommunane Kvinnherad og Etne i Vestland fylke, og Vindafjord og Tysvær i Rogaland fylke. Det har vore vurdert ei rekkje traséalternativ på ulike strekningar på leidningen, ei oversikt over desse finn ein i søknaden og i NVE si innstilling. Etter ei vurdering av dei samla konsekvensane, tilrår NVE at leidningen bør byggjast som luftleidning i følgjande trasear:

  • Frå Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad kommune til Litledalen i Etne kommune i trasé 1.0A.
  • Frå Litledalen i Etne via Strypeheiane til næringsområdet på Nerheim i Vindafjord kommune i trasé 1.0B2-1.0C2-1.0C.
  • Frå Nerheim til Skjoldastraumen via Tørsdal i Vindafjord og Tysvær kommunar i trasé 1.0D-1.52.
  • Frå Skjoldastraumen via Dueland, Sauahøgda og Klovning til Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune i trasé 1.0F2-1.0G-1.0G3-1.0H.

Tilrår tiltak for å redusere ulempene

– Utbygginga vil gje verknader for naturmangfaldet og ålmenta. Av dei traseane Statnett har søkt om, har vi difor vore opptatt av å finne den traseen som gir minst negative verknader for areal, miljø, busetnadar og jordbruk, understrekar Nordberg.

For å redusere ulempene for omgjevnadene, tilrår NVE at Statnett vert pålagd å utføre ei rekkje tiltak. Eit eksempel er avgrensa skogrydding under spenna på begge sider over Åkrafjorden, Stordalsvatnet i Etne, Førlandsfjorden, og på fleire strekningar i Etne og Tysvær. NVE tilrår at det vert sett igjen vegetasjon som skjerming ved Blåfalli koplingsstasjon og ved busetnader på Klovning i Tysvær.

NVE tilrår vidare at Statnett vert pålagd å montere fugleavvisarar på leidningen på strekningen over Frønsdal i Vindafjord, over Skjoldafjorden til Vårå, ved Erlandstjørna og Storavatnet i Tysvær. Statnett bør òg påleggjast å montere fugleavvisarar på spenna over Åkrafjorden, Stordalsvatnet og Førlandsfjorden.

Tilpassa anleggsarbeid

NVE tilrår at det vert sett vilkår om at Statnett unngår anleggsarbeid i hekketida for rovfugl på enkelte strekningar i Etne og Tysvær.

Anleggsarbeid og bruk av helikopter kan òg forstyrre beitedyr og jakt. Statnett bør difor påleggjast å informere i god tid og ha dialog med grunneigarar med beitedyr og jaktvald for hjortejakt.

NVE tilrår at det vert sett vilkår om at det skal utarbeidast ein miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-plan), som vil tryggje at Statnett tek berørte interesser med på råd. Det gjeld både i detaljplanlegginga og i gjennomføringa av anleggsarbeid og skogrydding. Planen skal godkjennast av NVE før anleggsstart.

Tilrår ikkje sjø- eller jordkabel

NVE tilrår ikkje å byggje sjø- og jordkabel på denne strekninga.

– Vi meiner kabel vil innebere ein for høg risiko for drifta av straumnettet i området, og for dårleg kvalitet i straumforsyninga. Dette er i samsvar med Statnett si vurdering. I tillegg vert kostnadane svært mykje høgare enn for luftleidning. Dette er kostnader som eventuelt må dekkjast inn som ein del av nettleiga. NVE tilrår heller ikkje sjø- og jordkabel som avbøtande tiltak på mindre delar av strekninga. Sjø- og jordkabel gjev òg store inngrep i naturen i likskap med luftleidning, seier Norberg.

Saka er no avslutta hjå NVE og OED tek over den vidare sakshandsaminga. Les meir på NVE sin nettstad.

Kontakt

Pressevakt
Tlf: 489 97 667 (ikke sms)