Publisert 28.06.2017

Løyve til uttak av vatn i Rendalen kommune

NVE gjev Rendalsfisk AS løyve til uttak av vatn frå elva Mistra i Rendalen kommune i Hedmark.

Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 2 m3/min, som skal nyttast til landbasert oppdrett av røye i eit planlagd resirkuleringanlegg (RAS) på Åkrestrømmen.

I vedtaket er det teke omsyn til at Mistra er eit verna vassdrag og at storauren i Storsjøen nyttar Mistra som gyteområde. Det er også lagt vekt på at tiltaket bidrar til stor verdiskapning i regionen både økonomisk og i form av arbeidsplassar.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde anlegget på fastsette vilkår.

Les meir om løyve til uttak av vatn i elva Mistra i Rendalen

Kontaktpersonar

Rådgjevar Even Buvarp Helsingen
Tlf. 4192896 E-post: ebh@nve.no

Seksjonssjef Gry Berg
Tlf: 22959220 e-post: gbe@nve.no