NVE gjev Bekk og Strøm AS løyve til å byggje Brufossen kraftverk i Birkenes kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 7,3 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 365 husstandar.

Brufossen kraftverk vil nytte eit fall på ca. 18,3 m i elva Rettåna mellom inntak på kotehøgde ca. 186,8 og kraftstasjon på kotehøgde ca. 168,5. Vassvegen på om lag 720 m er planlagt som tunnel.

NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til redusert vassføring og mogelege konsekvensar for akvatiske artar. NVE meiner desse ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og noko tilrettelegging for opp- og nedvandrande fisk. Tiltaket er etter vår vurdering ein del dyrare enn samanliknbare prosjekter, men gitt avgrensa ulemper for allmenne interesser er ikkje dette gjeve avgjørande vekt.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Brufossen kraftverk. NVE har sette vilkår om at inntaket skal plasserast og utformast slik at det ikkje gjev verknader for vasstanden på naboeigedomen oppstraums inntaket

Les meir om Brufossen kraftverk

Kontaktpersonar:
Sakshandsamar Marte Lundsbakken, tlf. 22 95 90 38
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216