Publisert 23.11.2020

Løyve til å byggje nye jordkablar i Halden kommune

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Elvia AS løyve til å byggje to jordkablar i Halden kommune i Viken fylke. 

Løyvet gjeld ein ca. 1,6 km lang 47 (132) kV jordkabel mellom Brødløs og Stangeberget transformatorstasjonar, og ein ca. 2,2 km lang jordkabel mellom Stangeberget transformatorstasjon og Strupe koblingsstasjon.

Bakgrunnen for vedtaket er at dei eksisterande kablane mellom Brødløs og Stangeberget er gamle, og NVE meiner det er naudsynt å byggje nye for å sikre forsyninga til Halden sentrum.

NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.

Må takast omsyn til hole eiker

Langs traseen er det fleire registreringar av den utvalde naturtypen hole eiker, og det er ein risiko for at trea kan bli påverka av anleggsarbeidet. NVE har sett vilkår om at Elvia skal gjennomføre konsekvensreduserande tiltak, og at det skal vere ein arborist til stades i anleggsfasen.

Det er og satt vilkår om at Elvia skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan, som må godkjennast av NVE før anleggsarbeidet startar.

Les meir om saka her.

 

Kontaktpersonar

Anine M. Andresen (sakshandsamar)
tlf: 22 95 98 46
aman@nve.no

Lisa Vedeld Hammer (seksjonssjef)
tlf: 22 95 90 33
liha@nve.no