Publisert 22.01.2020

Ikkje løyve til å regulere Vikastølvatnet i Suldal

NVE avslår søknad om løyve til å regulere Vikastølvatnet i Suldal kommune. NVE meiner at ei regulering vil gjera det umogleg å oppretthalde ein trua naturtype, og vil gje negative landskapsverknader for eit svært viktig friluftsområde.

Det er Borgåna Kraft AS som har søkt om å få regulere Vikastølvatnet med 1 m til utnytting i Borgåna kraftverk. Reguleringa ville ha gjeve ein årleg auke i kraftproduksjon på om lag 0,71 GWh.

Vikastølvatnet er registret som «klar, kalkfattig innsjø», som er ein trua naturtype. NVE meiner at erosjon frå ei regulering vil gjere det umogleg å oppretthalde naturtypen. I tillegg vil reguleringa gje negative landskapsverknader for eit svært viktig turområde med tursti som har utsyn over vatnet. NVE er derfor einig med Suldal kommune i at fordelane ved ei regulering ikkje samsvarar med ulempene for biologisk mangfald og landskap/friluftsliv.

Les meir om saken på NVEs nettsider.

Kontaktinformasjon

Seksjonssjef Øystein Grundt
tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216
oegr@nve.no

Sakshandsamar Brit T. Haugen
tlf.: 22 95 90 89
bth@nve.no