NVE arrangerer folkemøte tysdag 31. januar i Tinghuset på Voss.

Folkemøtet gjeld for søknadane om Urdlandselvi, Kleivelvi, Haugamoen, Togrovi, Storagroe, Tverrelvi og Bjørndalen kraftverk og vert arrangert tysdag 31. januar 2017 kl. 19.00 i kantina i Tinghuset på Voss, inngang frå Skulegata.

På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Voss kommune, og på NVEs nettsider fram til høyringsfristen 10. mars 2017.

Urdlandselvi kraftverk

Kleivelvi kraftverk

Haugamoen kraftverk

Togrovi kraftverk

Storagroe kraftverk

Tverrelvi kraftverk

Bjørndalen kraftverk