NVE arrangerer folkemøte 30. november på Grendahuset i Fortun.

Norsk Hydro AS har søkt om å fornye konsesjonen til å regulere Fortun-Grandfastavassdraga. NVE arrangerer folkemøte om planane på Grendahuset i Fortun 30. november kl. 18.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av søknaden, medan søkar vil orientere om reguleringssystemet og søknaden. Det er ope hus, men meld gjerne frå at du kjem til anne.marie.lie@hydro.com.

Søknaden med fagrapportar er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Luster rådhus, på biblioteket i Gaupne, på kommunehuset i Lom, på Årdal rådhus, på kommunehuset i Skjåk og på NVEs nettsider.

Fristen for å komme med fråsegn er 8. desember 2017.

Fornying av reguleringane i Fortun-Grandfastavassdraga