NVE arrangerer offentleg møte i samband med at Statnett søkjer om nye traséalternativ frå Seldalsheia til ein ny transformatorstasjon på Fagrafjell i kommunane Sandnes og Time. Statnett trekker samstundes søknaden om å byggje kraftleidning frå Seldsalsheia til Stølaheia.

Tid: Tysdag 10. januar kl. 19.00

Sted: Ganddal bydelshus, Olsokveien 1, Sandnes

NVE har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Statnett for endringar i tidlegare søknad om ein ny 420 kV kraftleidning frå Lysebotn i Forsand kommune, til Stølaheia i Stavanger kommune. Statnett søkjer i tilleggssøknaden om nye traséalternativ frå Seldalsheia i Sandnes kommune, til ein ny transformatorstasjon på Fagrafjell i kommunane Sandnes og Time. Eitt av traséalternativa går òg i Gjesdal kommune.

Statnett opprettheld søknaden for traséalternativa frå Lysebotn til Seldalsheia, men trekker traséalternativa frå Seldsalsheia til Stølaheia som dei har søkt om tidlegare. Endringane gjeld difor berre området mellom Seldalsheia og Fagrafjell.

NVE har sendt søknaden på høyring til kommunane som får verknader av anlegga, i tillegg til ei rekkje andre høyringsinstansar. Høyringsfristen er sett til 15. februar 2017.

Alle interesserte er velkomne på folkemøte om saken.

 

Les meir om saka nve.no.