NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Herefoss og Hauglandsfossen kraftverk i det verna Tovdalsvassdraget i Birkenes og Froland kommuner i Aust-Agder.

Det er Herefoss Energi AS og Norsk Vannkraft AS som har søkt om å byggje vasskraftverka, som ville gitt ein samla årleg produksjon på 13,5 GWh, fordelt på 7,5 GWh i Herefoss og 6,0 GWh i Hauglandsfossen.

Samla handsaming

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka, som begge ligg i det verna Tovdalsvassdraget.

Søknaden om løyve til å byggje Herefoss kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for laks, medan søknaden om å få byggje Hauglandsfossen kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for landskap og kulturminne.

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Herefoss kraftverk og Hauglandsfossen kraftverk fordi ei gjennomføring av tiltaka vil svekke verneverdiane i vassdraget. Konsesjon til kraftverka kan då ikkje gis.

 

Les meir om kvart enkelt vedtak: 

Hauglandsfossen kraftverk

Herefoss kraftverk